Nordlys

Nordlysaktiviteten har årsak i "vulkansk" aktivitet på sola med partiklar og magnetfelt som vert skutt ut. Nordlys kan verte observert i ein oval rundt polane som roterer om jorda gjennom døgnet. Hyppighet og intensitet til nordlysaktiviteten har ein stor syklus på 12 år (eigentleg 24 år) og ein kort syklus på 27 dagar. Her er litt info om kvar, når og kva frå nordlysobservatoriet og litt illustrativ info om nordlys frå SWPC.

Nordlysaktivitet

Vil du sjå nordlys, så sjekk ut tipsa på sida til Visit Norway: "In the land of the Northern Lights". Eventuelt følg mi sjekkliste her:
  1. Klart vér
  2. Mørk kveld/natt, helst med ingen eller liten måne og langt frå storby
  3. Langt nord i landet, gjerne nord for polarsirkelen
  4. Høg solaktivitet (Kp-indeks) er avgjerande langt sør for polarsirkelen, samt for det mest spektakulære nordlyset

Akkurat no

Click here for image!
Passering av POES satelitten gir følgjande estimat av nordlysovalen. Raude område har stort sannsyn for nordlys. Vi skal kunne sjå at sør for nordlysovalen er det størst sannsyn for nordlysaktivitet rundt lokal tid 22-24. Klikk på biletet for stor originalversjon.

Siste 3 dager


Estimert Kp-indeks frå NOAA/SWPC.

Nordlysvarsling

Variasjonar i magnetfeltet rundt jorda følgjer av solvinden som er årsak til nordlyset. Nordlys kan varslast ved å observere utbrudd på sola, måle partikkelstraumen til solvinden mellom sola og jorda, samt å sjå etter variasjonar i magnetfeltet rundt jorda.

Det er vanleg å rekne om utslaga i magnetfeltet til ein Kp-indeks med verdi frå 1 (låg) til 9 (høg). Du får også Kp-indeksen for akkurat no ved å trekke 1 frå "Activity level" oppgitt til venstre i figuren over. Samanheng mellom nordlys og Kp-index er avhengig av breiddegrad. For å oppleve nordlys (rett opp) ved Oslo er grensa på rundt 5 og ved Trondheim rundt 3. Same stadane kan nordlys skimtast lågt mot nord ved Kp-indeks på to lågare enn dette.

Varsel for i kveld

Oppdatert grafikk basert på Kp-indeks finn de hjå Storm / TV2.

Varsel fleire dagar fram

Estimert Kp-indeks og grafikk finn de ved å velgje Europa og bla fram ein og ein dag hjå Geophysical Institute i Alaska

27-dagars syklus

Sola roterar på 27 dagar, slik at nordlysaktivitet ein månad gjerne gjentek seg månaden etter. Samanhengen er gjerne sterkast ved kraftig nordlysaktivitet.

28 dagers varsel frå University of Alaska Fairbanks.

Ka-index denne og siste månad. Ka-indeks er eit mål for effektiv Kp-indeks over ein heil dag.

12-års syklus


NOAA SPACE WEATHER PREDICTION CENTER