<h2>Commodore 64</h2>

Speloverføring frå PC til C64

Sjølv på ein original C64 kan det vere interessant å nå tak i alle spela som finnast på nettet. Dette oppnår ein ved først å lasta spela ned frå nettet til ein PC, og så kople Commodore'n til PC'en. Ein oppnår gjerne også langt raskare innlasting enn med original kassettespelar og diskettestasjon.

For dette treng treng man eit adapter med koplingar til C64 og PC, eit server-program på PC'en og som oftast også eit klient-program på C64'en. Merk at mange av metodane berre virkar på gamle stasjonære maskiner med låg prosessorhastigheit (gjerne 200 MHz).

Programvare for overføring av kassettspel (einskildfiler)

C2NLOAD

C2NLOAD er det ultimate valet for overføring av kassette-spel frå PC til C64. Programmet overfører spel over serieport (RS232) til kassetteporten (C2N) på C64. Først overførast ein fastloader (10 sek) og deretter følgjer sjølve C64-spelet på under 15 sek! C2NLOAD køyrast frå kommando- eller DOS-vindu på PC'er med serieport, og virker på alt frå gamle maskiner med Windows 95 til nye og raske maskiner med Windows XP, etc.

Hardware-krav
C2N232-adapter.
PC med serieport. Virker også på moderne PC (per 2010).

C2NLOAD overfører C64-filer på .PRG-formatet. Under Windows Ledetekst / MSDOS:
"c2nload -c com1 -m 64 filnamn.prg"

For å konvertere filer, bruk t.d. CMBCONVERT:
Frå t64: "cbmconvert -t filnamn.t64"
Frå p00: "cbmconvert -p filnamn.p00"
Frå P00: "rename filnamn.P00 filnamn.p00", deretter "cbmconvert -p filnamn.p00"
Frå d64: "cbmconvert" -d filnamn.d64" (berre nyttig dersom spelet er på berre ei fil)
Eg har også ei bat-fil for alt dette, slik at spel kan overførast v.h.a. dobbeltklikk under Windows, men skriptet er ikkje heilt godt enno.

Tilgang
C2N232 adapteret kan vere utsolgt. Dette gjelder iallfall dei originale adaptera av Marko Mäkelä, men han viser til Nikolas Welte som kan ha adapter til sal. Du kan evt lage ditt eige adapter utifrå kretskort-printet og instruksjonane til Marko Mäkelä.

CBMLINK

CBMLINK er eit program for overføring av kassette-spel tilsvarande C2NLOAD, som også virkar for enklare adaptre eller reine kabelovergangar til mellom PC og C64 enn C2N232-adapteret. I tillegg støttar det meir utstrakt kontroll og overføring av programmer mellom C64 og PC.

CBMLINK krever eit mottakerprogram på C64'en (unntatt ved bruk av C2N232). Det følger med listing av eit forenkla mottakerprogram som kan skrivast inn på C64'en og brukast til å ta imot det foretrukne mottakerprogrammet -i maskinkode. Dette lagrast på kassette eller disk og brukast for framtidige overføringar.

Hardware
PC med serieport, samt
      C2N232-adapter (sjå over)

PC med parallelport, samt
      XA1541 cable

PC (før 486-prosessor) med parallelport, samt
      X1541 cable
      Null modem cable
      PC64 cable
      +misc other cables

Tilgang
Alle kablane kan kjøpast hjå C64 Copy Central, forutan C2N232. Byggjeinstruksjonar til kablane kan finnast på Star Commander-sida.

Programvare for overføring av diskettespel (mange filer)

Her finnast minst to program for simulering av 1541 diskettestasjon. Eg har diverre ikkje fått desse til å virke stabilt på nokon moderne (berbar) PC. Under er status på uttestinga mi:

1541EMU

1541EMU lar PC'en simulere ein 1541 diskettestasjon.

Status: Har testa "Type 1 cable" på følgjande maskiner:
-Dell Latitude D600, 600 MHz. BOIS: Compatible mode. FreeDos. 1541 visar (5.? us).
-Actebis / Targa Companion CPA 600 MMX, 266 MHz. MS-DOS. 1541EMU visar (1.97 us).
-Fujitsu Siemens Amilo 2.553 GHz. 1541EMU visar (1.53 us).
Detekterer kabel, men får ingen LED- eller Motor-indikator i 1541EMU. Prøvde alle parallellport modar (PS2/Bi-directional, EPP, ECP, etc), samt "Adjust I/O tuning value" frå -600 til 600. "Testcabl" visar kontakt.

64HDD

64hdd emulerer 1541 diskettestasjon under DOS via x1541- eller xe1541-kabel mellom PC paralellport og C64 serieport.

Status:
Win XP - kommando vindu: går ikkje. Må prosøke å boote i DOS...
Win98-DOS + x1541 kabel: Får ikkje til, da 266 Mhz Pentium I laptop'en låser seg.


Min hardware for overføring

C2N232c

C2N232 er eit adapter som gir tilgang til C64 sin kassetteutgang (C2N) frå serieporten (RS232) til PC.

Kompatibel programvare:
C2NLOAD "A small auto-starting fastloader for the C2N232"
C2N "Tape deck emulator front-end for the C2N232"
CMBLINK "File transfer and remote management of Commodore computers" (basert på PRLINK)

Eg har 1 stk under bygging (2007-) etter instruksjonane på sida til Marko Mäkelä, men fekk også kjøpt 1 stk frå Märko etter å ha stått litt fast i bygge-prosjektet mitt.

X1541, XE1541 og XA1541

Eg har tre X1541 kablar, X1541 (sidan 1991) for maskiner opptil 486 og XE1541 og XA1541 (sidan 2009) for moderne maskiner. Desse er kaablar for å kople C64 eller 1541 diskettstasjonport til parallellport på PC. For Windows-maskiner etter Win98 må parallelporten opnast, til dømes ved hjelp av programmet UserPort.
Med X1541 kabel må parallelporten settast opp med riktig mode i BIOS: SPP eller PS/2 (bi-directional). (Evt xp1541 kabel krev ECP/EPP mode, medan xe1541 taklar alle moder.)

PC64

PC64 kabel og koblingsskjema
Kabel for å kople C64 userpot til parallellport på PC. Fungerer bare robust på PC'er med klokkefrekvens på ~under ca 400 Hz pga timing-problemer. Bruk helst Windows 98. For nyere Windows må parallelporten opnast, til dømes ved hjelp av UserPort.

1541EMU

Kabel for bruk med 1541EMU.

Sjå elles

C64 tape & disk emulation
C64 - PC transfer
Cables and compatibility