<h1>Commodore 64</h1>

Sjølv om Commodore 64 hadde si storheitstid på 80-talet har mange av spela fortsatt stor spelbarheit. Det er i dag mogleg å overføre spel frå intenett via PC til Commodore 64. Med ein emulator kan ein også køyre C64-program på ein PC eller anna maskinvare utan trong om ei Commodore 64. Emulatorar kan også køyrast i nettlesar.

Gå til eiga side for info om ulike emulatorar, adaptre og kablar.

Spel

C64-spel er tilgjengelig på nettet både som store samlingar og i søkbare databasar med skjermbilete og skildring. Under er nokre av mine favorittar.

Favorittar (til ulike tider)

Bruce Lee
2 spelarar der den eine er medhjelpar
Boulder dash
1 spelar
Buggy Boy
1 spelar
International Karate +
2 spelarar
The Great Giana Sisters
1 spelar
Wizball
2 spelarar der den eine er medhjelpar

Gode spel for 2-spelarar

International Karate +
2 spelarar
Pitstop II
2 spelarar
Rally Speedway
2 spelarar

Oversikt

Linkar til nokre speldatabasar finn du her.

Spel for 4 joysticks

Nokre spel er modifiserte for å støtte opptil 4 joystiks når dei vert kombinert med eit adapter for C64-userport. 4 joysticks er også støtta av nokre emulatorar. Desse spela er ekstra morosame når man er mange som skal spele. Sjå mi liste over 4-joystick spel og relatert info.

Emulatorgrensesnitt og speldatabase

Det finnast utmerkede databasesystem for å finne fram blant alle dei tusenvis av gode (og ikkje fullt så gode) C64-spel. Eit slikt program er jGameBase som gir visning av skjermdump og moglegheit for direkte oppstart av dei ulike spela. Programmet nyttar speldatabasen Gamebase64. Her er info om mitt oppsett av jGameBase med Gamebase64 under Linux. I tillegg kan kanskje GameBase Amiga og GameBase 20 (for Vic20) vere av interesse.

Nyhende

Commodore Free monthly newspaper, 2007 - 2011 (present)

Diverse

Eg programmerte noko på C64, og var innom både Basic og C64 assembler code. Det vart ikkje så mykje utav det, men eg hadde det kjempekjekt. Noko av det eg laga kjem kanskje her.